faSong

 

CD-en alle våre draumar er i sal frå 14. november. Her finn du 13 heilt nye julsongar. Nokre av tekstane kjenner du kanskje frå før, men alle melodiane er nye. Her er mykje god julestemning i lett julepop, bossa, jazzvals m.m.

 

Under finn du smakebitar frå nokre av songane. Du kan kjøpe CD-en på nettbutikken til Ivar Aasen-tunet eller ved å sende ein e-post til fasong@klang.no.

 

Les meir om CD-en alle våre draumar

fasong@klang.no

 

 

 

 

Gjev ikkje glans og gull og prakt

 

Tekst: Zakari Topelius, omsett av Arve Brunvoll

Melodi: Gaute Øvereng

 

Denne teksten er ein av dei "nye julesongane" som er komen inn i den nye salmeboka. Teksten er opphavleg skriven i 1887 men blei ikkje omsett før i 2008. I salmeboka står denne til ein melodi av Jean Sibelius.

 

Ei rose sprang ut

 

Tekst: Oskar Stein Bjørlykke

Melodi: Gaute Øvereng

Solist: Irene Åbrekk Kalvatn

 

Melodien blei opphavleg laga til teksten "Den fagraste rosa" av Elias Blix, men vi fekk Oskar Stein Bjørlykke til å lage ein ny tekst med same tematikk og på same verserytme.

 

Ære vere Gud

 

Tekst: Lukas 2

Melodi: Gaute Øvereng

 

Ein meir groovande variant av englesongen på Betlehemsmarka. I dette klippet er det mest bandet du høyrer med Per Gunnar Flø på trompet og Hans Jacob Orning på saksofon.

Å, Betlehem, du kongeby

 

Tekst: Philip Brooks omsett av Trygve Bjerkrheim

Melodi: Gaute Øvereng

Solist: Unni Margaret Skare

Barneauge

 

Tekst og melodi: Gaute Øvereng

Solist: Anne Marta Vinsrygg Vadstein

Gjer vegen vid for Herren

 

Tekst: Franz Michael Franzen, omsett av Ottar Almås

Melodi: Gaute Øvereng

© Alle rettar