Mju: Tru, håp og gleder

Vokalgruppa Mju frå Volda kom fredag 3. juni med nye, originalskrivne songar på minialbumet “Tru, håp og gleder”. Det er mykje varme i både klang og tekstar i desse songane, og dei fire songarane i Mju fyller på med vakre harmoniar.

Mju f.v.: Svein Ola Lillestøl, Irene Åbrekk Kalvatn, Anne Marta Vinsrygg Vadstein og Gaute Øvereng

Mju har fått to tekstar frå forfattaren Bente Bratlund til dette vesle albumet. Begge tekstane blei skrive tidleg i pandemien, og trekker fram lengten etter å vere del av ein fellesskap. Leiar og arrangør i Mju, Gaute Øvereng, har laga melodiar som gir tekstane luft og rom. 

Ein av songane på albumet er sterkt inspirert av eit dikt av den shetlandske poeten Christine DeLuca. “I dette store” tek for seg kor svimlande det kan vere å tenkje på og ta inn over seg kor små vi menneske er i den store samanhengen. Vitskapen slår fast at det ikkje finst eit fast punkt i universet, og vi held oss fast i gravitasjonen. 

Dei fire stemmene i Mju, Irene Åbrekk Kalvatn, Anne Marta Vinsrygg Vadstein, Svein Ola Lillestøl og Gaute Øvereng, har fått mange tilbakemeldingar om kor godt dei kling i lag, noko som kjem fint fram i desse songane.  

Fader vår

I tillegg til originallåtar inneheld albumet ein a cappella-cover av Marthe Valle og Sølvi Ytterstad sin song “Fader vår”. Songen er ei bønn om hjelp, for vår tid, skriven frå ein nordnorsk kvardag.

Teksten blei først gitt ut i diktsamlinga “Hinnøystund” av Sølvi Ytterstad i 1991, då med tittelen “Fader vår mot år 2000”. Den sterke teksten er ei jordnær og ærleg skildring av korleis vi menneske tek vare på jorda og kvarandre, og den er diverre ikkje blitt mindre aktuell i løpet av dei 30 åra som har gått sidan utgivinga.

Marthe Valle gav ut si musikalske tolking som singel i 2016 og på albumet “Alt som ikkje kan sies” i 2017. Melodien let teksten skine med si enkle tilnærming på versa, og med eit tekstlaust refreng som blir ein slags musikalsk elegi midt i den avmektige bøna om hjelp til høgare makter.

Vokalarrangementet til Mju held på det reine og vare uttrykket frå originalen, men tilfører også motmelodiar, stemningsfulle kontrastar og eit mektig korparti. På denne songen har Mju også fått med seg Nora Jenny Øvereng og Hedda Jonette Øvereng som bidreg til å utvide klangbildet.

“Tru, håp og gleder” er det tredje albumet til vokalgruppa Mju, og er tilgjengeleg på strøymetenester som Spotify, iTunes Music, Tidal og Youtube.

Open in Spotify

3.6.2022