Evangeliesonettar

Forfattar og teolog Hans Johan Sagrusten gjenfortel det bibelske evangeliet på ein vakker og tankevekkande måte i 12 utvalde sonettar. Vi får vere med på ei reise frå Jesu fødsel, gjennom gjerningane han gjorde, likningane han fortalde, menneska han møtte, lidingshistoria og til oppdagingar disiplane gjorde etter hans død og oppstode. Forfattaren byd på overraskande vinklingar som kan opne augene til dei mest bibelkyndige lesarane.

Gaute Øvereng har laga melodiar som set teksten i sentrum og inneheld ein variasjon i uttrykket som formidlar bibelhistoriene i dvelande harmoniar, frå vàre salmemelodiar til eit meir jazzprega uttrykk. Dyktige musikarar gir dei 18 songarane i faSong stødig tonefølgje og løfter opplevinga med vakre instrumentalparti.

faSong 2017 (foto: Åge André Breivik)

Musikarar:

Geir Helge Ådneram, piano
Fernando Pineda Lopez, sax
Knut Hunnes, bass
Erik Fooladi, perkusjon
Svein Hunnes, kontrabass

CD-en er miksa av Alf Christian Hvidsteen og mastra av Henning Svoren i
Ocean Sound Recordings.

Du kan høyre lydklipp frå CD-en her:

Send e-post til fasong@klang.no for å bestille til kr. 150 + frakt.