Mju:Son

Stemningsfullt album frå vokalgruppa Mju

Vokalgruppa Mju erstattar instrument med stemmer og legg til ord når dei tolkar musikken til den svenske komponisten Björn J:son Lindh på albumet Mju:Son. Resultatet blir 11 vakre melodiar i spennande arrangement, og med meiningsfulle tekstar.

– Å få synge desse songane har vore eit kvileskjer i ein hektisk kvardag, og vi håpar at lyttarane vil få noko av den same gode kjensla, seier Irene Åbrekk Kalvatn i Mju. Som dei fleste andre songarar det siste året, har vokalgruppa hatt få høve til å møtast for å synge i lag, men har vore avhengig av individuell øving og digital samsynging. – Det har difor vore ekstra spennande å høyre alle stemmene saman, og då forstå at dei mest utfordrande rytmiske og melodiske spranga har si djupe meining i den store samanhengen, seier Kalvatn.

Nyskrivne tekstar

Tekstane er for det meste inspirerte av titlane på dei originale melodiane. “Lake District” har blitt til “Ved vatna”, og “96 fjärilar” har blitt til “Sommarfuglvenger”. Naturbileta i komposisjonane finn ein igjen i både tekstar og i arrangement. Albumet vekslar mellom dei opne og gjennomsiktige arrangementa til det meir kompakte med fleire rytmisk kryssande motstemmer. – I ein song om sommarfuglar er det berre heilt naturleg at ein kjenner att dei lette, flagrande vengeslaga i arrangementet, seier tekstforfattar og arrangør Gaute Øvereng.

Tekstar og melodiar manar fram stemningsfulle naturopplevingar, men albumet inneheld også tekstar om å skape endringar for andre, om mellommenneskelege relasjonar og om framtidshåp. – Særleg dette året har det vore godt å arbeide med songar om håp og alt godt, seier Anne Marta Vinsrygg Vadstein.

Albumbildet til Mju:Son er måla av Marit Lillestøl

Svensk begeistring

Komponisten sjølv døydde i 2013, men Mju har vore i kontakt med både familie og venner av Bjørn J:son Lindh i arbeidet med desse songane. Tilbakemeldingane frå dei har vore veldig oppløftande.
– Det er fabelaktig når den vakre musikken hans blir tolka på ein ny og veldig verdig måte, skriv ein på ei minneside til komponisten. Ein av dei musikalske samarbeidspartnarane, gitaristen Janne Schaffer var særleg begeistra for songen “Den eine”, der han sjølv spelte melodien i originalversjonen. – Björn hadde vore utruleg stolt over denne heilt fantastiske kortolkinga, seier Schaffer.

Frå instrumental til a cappella

Melodiane på Mju:Son er henta frå fire ulike album som J:son Lindh gav ut på 80-talet. – Det har vore veldig spennande å arbeide med desse melodiane, og tilpasse dei slik at dei blir songbare, seier Gaute Øvereng. Det velklingande resultatet blir sunge av Irene Åbrekk Kalvatn (sopran), Anne Marta Vinsrygg Vadstein (alt), Svein Ola Lillestøl (tenor) og Gaute Øvereng (bass).

Musikken er spelt inn i studio heime hos Øvereng i Volda og dels over internett-linje til tenoren i Ålesund, på grunn av smittevernomsyn. Det endelege resultatet er mastra av Henning Svoren i Ocean Sound Recording.

Mju:Son er det andre albumet til vokalgruppa Mju, og er tilgjengeleg på strøymetenester som Spotify, iTunes Music, Tidal og Youtube.

25. juni 2021