Mju: Den hjartevarme jula

Mju - Den hjartevarme jula

Vokalgruppa Mju frå Volda debuterer med julealbumet «Den hjartevarme jula». Her får du høyre 14 kjende julesongar i nye versjonar, med berre stemmer som instrument.   

Det heile starta med ein amerikansk julesong som Gaute Øvereng arrangerte for fire år sidan, We Three Kings of Orient are.  – Eg hadde lagt opp til seks stemmer, og måtte finne tak i nokon som var interesserte i å synge dei lysaste stemmene, seier Øvereng. Sopranen Irene Åbrekk Kalvatn og alten Anne Marta Vinsrygg Vadstein var ikkje vanskelege å be, og dermed byrja ballen å rulle.

            Sidan har det blitt minst ein ny julesong kvart år, til dei no fekk lyst til å gjere meir ut av det. I vår kom tenoren Svein Ola Lillestøl med på laget, og innspelingane tok til om lag samtidig med den første øvinga rundt påsketider. Dei fire erfarne vokalistane fann fort tonen. 

            Songane på albumet spenner frå det firstemte til opp mot åttestemt, der melodien får følgje av eit lydlandskap av stemmer. Inspirasjonen frå den kanskje mest markante vokalgruppa gjennom tidene, The Singers Unlimited, kjem tydeleg til uttrykk i fleire av arrangementa, med stemmer som snor seg rundt harmoniane.

            Tittelsongen Den hjartevarme jula, er ei ny omsetjing av den amerikanske juleklassikaren Have Yourself a Merry Little Christmas. Albumet inneheld også nye gjendiktingar av Oh, Come All Ye Faithful og Deilig er jorden. Alle songane på albumet er i nye, klangfulle arrangement, tilpassa stemmene til Mju-songarane.

Mju
Frå venstre Anne Marta Vinsrygg Vadstein, Irene Åbrekk Kalvatn, Svein Ola Lillestøl og Gaute Øvereng

            – Det var først ikkje tanken at songane skulle lagast for levande framføring, men når vi først kom i gang, kunne vi ikkje la det vere, fordi det er så kjekt å skape den gode samklangen i lag, seier Øvereng.

            Albumet Den hjartevarme jula er alt å finne på strøymetenester som Spotify, Tidal og iTunes Music. Mju byd også til konsert med utvalde songar måndag 16. desember i Ivar Aasen-tunet.

            Og om nokon lurar på kva namnet Mju kjem av? Det er ein fornorska variant av den amerikanske uttalen av ein akkord med fire tonar, eller for fire stemmer.