Mju hyllar The Singers Unlimited

Vokalgruppa Mju frå Volda lanserer fredag 12. november ein ny song som er ein hyllest til ei av dei mest banebrytande vokalgruppene i pop- og jazzsjangeren, The Singers Unlimited. Songen har fått tittelen “Bonnie, Len, Don and Gene” etter dei fire songarane. 

Mju (Fotograf MA)
Mju (foto: Fotograf MA)

I år er det 50 år sidan The Singers Unlimited første gong gjekk inn i studio i Schwarzwald i Tyskland og la på vokalen til dei to første albuma, “In Tune” med Oscar Peterson trio og eit reint a cappella-album. – Dei fire songarane nytta flittig den nye teknologien som då var tilgjengeleg. Med fleirsporsopptak og mange overdubbingar blei dei fire stemmene til eit stort og velklingande kor, seier Gaute Øvereng frå Mju. 

Dei har inspirert ei rekke andre, og nok meir kjende, vokalgrupper, som Take 6, The Real Group og The Manhattan Transfer. Janis Siegel frå The Manhattan Transfer har sagt at desse songarane vov eit vokalteppe utan sidestykke i moderne vokalmusikk. – Dei brukte studioet som instrument, og overdubba vokalen for å skape rikt teksturerte vokallandskap, seier ho til jazztimes.com.

– Songen vi lanserer no speler på mange av dei same strengene som dei unike arrangementa til Gene Puerling, leiaren i The Singers Unlimited. Og ein vil også her høyre at det er meir enn eitt opptak med kvar av dei fire stemmene våre i Mju, seier Øvereng. 

– Songen handlar om inspirasjonen denne vokalgruppa har skapt hos meg og fleire andre til å gjere liknande, og den inneheld både musikalske og tekstlege referansar og helsingar til musikken deira, seier Øvereng. Samtidig legg han vekt på at Mju gjer dette på sin måte. – Det blir ein noko annan rytmikk og kjensle med Irene, Anne Marta, Svein Ola og Gaute, men sjølv om namnerekka er noko meir humpete, synest vi sjølv at vi kling godt i lag, avsluttar Øvereng med glimt i auget. 

“Bonnie, Len, Don and Gene” er tilgjengeleg på alle strøymetenester. Songarane i Mju er Irene Åbrekk Kalvatn (sopran), Anne Marta Vinsrygg Vadstein (alt), Svein Ola Lillestøl (tenor) og Gaute Øvereng (bass).

11.11.2021