alle våre draumar

I 2012 spelte faSong inn CD-en alle våre draumar Her finn du 13 heilt nye julesongar. Nokre av tekstane kjenner du kanskje frå før, men alle melodiane er nye. Her er mykje god julestemning i lett julepop, bossa, jazzvals m.m.
Du kan kjøpe CD-en på nettbutikken til Ivar Aasen-tunet eller ved å sende ein e-post til fasong@klang.no.

Les presseskriv om CD-en alle våre draumar

Ei rose sprang ut

Tekst: Oskar Stein Bjørlykke
Melodi: Gaute Øvereng
Solist: Irene Åbrekk Kalvatn

Melodien blei opphavleg laga til teksten «Den fagraste rosa» av Elias Blix, men vi fekk Oskar Stein Bjørlykke til å lage ein ny tekst med same tematikk og på same verserytme.

Ære vere Gud

Tekst: Lukas 2
Melodi: Gaute Øvereng

Ein meir groovande variant av englesongen på Betlehemsmarka. I dette klippet er det mest bandet du høyrer med Per Gunnar Flø på trompet og Hans Jacob Orning på saksofon.

Å, Betlehem, du kongeby

Tekst: Philip Brooks omsett av Trygve Bjerkrheim
Melodi: Gaute Øvereng
Solist: Unni Margaret Skare

Barneauge

Tekst og melodi: Gaute Øvereng
Solist: Anne Marta Vinsrygg Vadstein

Gjer vegen vid for Herren

Tekst: Franz Michael Franzen, omsett av Ottar Almås
Melodi: Gaute Øvereng