desiBelle

Størst av alt

Størst av alt

I november 2019 gav desiBelle ut albumet Størst av alt. Her finn du 15 nye songar om tryggheit, utanforskap og tankar om å leve i fred med kvarandre uansett ulikskap.

Albumet er tilgjengeleg på Spotify, iTunes Music og andre strøymetenester.

Å bera ei stjerne

Ein ny julesong frå 2017 med tekst av Bente Bratlund og melodi av Gaute Øvereng

Himmelretning jul

Ein ny julesong frå 2016 med tekst og melodi av Gaute Øvereng

Lufta er full

desiBelle (foto: Marius Beck Dahle)
desiBelle (foto: Marius Beck Dahle)

I 2015 kom cd-en “Lufta er full”. Her syng desibelle om draumar og venskap, om å ta vare på kvarandre og å seie farvel, om bibelforteljingar og tidsbilete frå i dag. Her er rom for både leik og undring i songar som er inspirerte av disko og funk frå 70-talet så vel som dagens pop.

Alle songane er skrivne av Gaute Øvereng, med tekstbidrag frå fleire gode hjelparar. CD-en er spelt inn i studio på Høgskulen i Volda og i Pianofortet, og er miksa i Audiofarm studio i Åmdalen.

Send ein e-post til desibelle@klang.no for å bestille.

Her er to musikkvideoar frå CD-en Lufta er full.

Draumereise

Svevet

Vente på jul

Vente på jul

I 2013 gav desiBelle ut CD-en Vente på jul. Den er framleis å få tak i, og det er også gitt ut eige notehefte med desse songane. Send ein e-post til desibelle@klang.no for å bestille.