Mju Vocal med a cappella storbandjazz

Mju Vocal samarbeider med ein amerikansk jazztrommeslagar på den nye singelen dei lanserer fredag 3. februar. «A cappella storbandjazz med trommefølge» er kanskje den mest dekkande beskrivinga av songen «Bass-ically speaking» som kjem på strøymetenester og med eigen video på Youtube.

Mju Vocal og Brooklyn Rose Ludlow
Mju Vocal og Brooklyn Rose Ludlow

Den San Diego-baserte trommeslagaren Brooklyn Rose Ludlow blei svært begeistra då ho blei merksam på ein av dei tidlegare utgitte songane til Mju Vocal. Ho tok kontakt med vokalgruppa med den klare oppfordringa om å finne på noko saman. Vel eitt år etter er det første samarbeidsprosjektet klart, med songen «Bass-ically speaking». 

– Slike oppfordringar er berre å ta på strak arm, seier arrangør og leiar i Mju Vocal Gaute Øvereng. – Sjølv om vi eigentleg held oss mest til rein a cappella song, er det jo artig å prøve ut noko nytt. At det første instrumentet vi skulle ha med på ei innspeling blei trommer, hadde eg nok ikkje sett for meg då vi begynte. Desto artigare er det, seier han. 

Bass som basis for jazz

Songen dei har spelt inn er ein av få originale songar som blei skriven til den legendariske vokalgruppa The Singers Unlimited. «Bass-ically speaking» var med på det siste albumet dei gav ut i 1981, «Easy to love», og er komponert av storbandleiaren Les Hooper. Øvereng har også vore i kontakt med komponisten sjølv, og han sette stor pris på at vokalgruppa frå Volda ville lage ein ny versjon av denne songen. 

– For ein som har sunge jassbass-linjer plukka frå dei store bassistane sidan eg var i tenåra, var det ekstra artig å spele inn denne songen, seier Øvereng. Teksten handlar om kor viktig basslinjene er for å drive ein jazzlåt framover, og den er skriven med perspektivet til ein som alt i barneåra «wanted to be a bass in a jazzband», som det heiter i songen.

Originalversjonen inneheld både mektige vokalklangar og røffe blåseriff. I Mju Vocal sin versjon blir både blåseriffa og vokalpartia gjort berre av stemmene til dei fire songarane, Irene Åbrekk Kalvatn (sopran), Anne Marta Vinsrygg Vadstein (alt), Svein Ola Lillestøl (tenor) og Gaute Øvereng (bass). 

«Bass-ically speaking» finn du på strøymetenester som Spotify, iTunes Music og Tidal, og musikkvideoen ligg på Youtube. 

1.2.2023