Kjende songar i a cappella-drakt frå Mju Vocal

Songar frå Joni Mitchell, Bill Withers, Donald Fagen, Julia Fordham og Nik Kershaw har fått nye arrangement på vokalgruppa Mju Vocal sitt nye album “Just the four of us”. Som tittelen seier, er det stemmene til dei fire songarane som ber musikken fram. 

Just the four of us

Albumet inneheld 15 songar i jazz, pop og soul-sjangeren. Ein time velklingande a cappella med stemningar frå det heilt rolege og vare, til svingande stemmebaserte rytmar. Arrangementa strekkjer seg frå det firestemte, finstemte gjennomsiktige, til dei tette åttestemte klangane. – Vanlegvis legg eg arrangementa tett opp til originalen, for å formidle melodiane og harmoniane med berre stemmene som instrument. Innimellom kjem det også idear som avdekker andre sider ved songane og gir dei eit nytt preg. Vi set pris på litt variasjon slik, seier arrangøren Gaute Øvereng. 

To av songane er jazz-melodiar som blir utgitt for første gong med tekst. Mike McGurk har skrive tekst til Kenneth Sivertsen sin melodi “Nimis”, frå albumet Remembering North. Øvereng har sjølv skrive tekst til melodien “Dear Friend” av den tsjekkiske jazzgitaristen Rudy Linka. – De har verkeleg fanga stemninga i originalen og løfta den til eit nytt nivå, seier ein begeistra Linka om songen “Gode ven”. 

Grunntonen for heile albumet er stemmene til dei fire songarane i Mju Vocal, Irene Åbrekk Kalvatn (sopran), Anne Marta Vinsrygg Vadstein (alt), Svein Ola Lillestøl (tenor) og Gaute Øvereng (bass). På to av songane har vokalgruppa også fått med seg instrumentalistar. – Eg høyrer mykje på ulike vokalgrupper, men eg har framleis til gode å høyre nokon som doblar basslinja med ein baryton-sax, seier Øvereng. Det gjer Mju Vocal på songen “Chelsea morning” av Joni Mitchell. Denne har fått ei drivande basslinje som Øvereng syng i lag med Brynhild Hovden på saksofon. 

Mju Vocal

Mju Vocal har også fått med seg ein scattande sopran på ein særprega versjon av Dave Grusins “Bossa Baroque”. Medan songarane i Mju Vocal har gjort alle sine opptak i eige studio i Volda, var gjesteartist Elin Synnøve Bråthen i Arctic studio i Senja for å legge på sine scat-tonar til dei svingande bossarytmane. Stemma hennar kompletterer Mju-stemmene på fabelaktig vis. 

Albumet “Just the four of us” er tilgjengeleg på dei fleste strøymetenester. Du finn albumet her: