Nynorsk juleplate for heile familien

For 10 jenter i Volda har det vore jul nesten heile året. Dei har øvd og øvd på 13 heilt nye julesongar, og vore i studio midt på varmaste sommaren for å synge dei inn. – Å spele inn plate er det kjekkaste eg har gjort heile mitt liv, seier Eir på 8 år. No er endeleg CD-en Vente på jul klar.

Jentegruppa kallar seg for desiBelle og er to venninnegjengar med 8- og 9-åringar som er veldig glade i å synge. Dei syng i kor frå før, og synest det er veldig kjekt å opptre framfor publikum, men det er ekstra stas å vere i studio framfor kvar sin mikrofon og med høyretelefonar på. Då dei var ferdige med den siste songen, etter om lag 7-8 timar i studio, var den spontane reaksjonen – Hæ? Skal vi ikkje synge meir?

Vente på jul inneheld songar frå det rolege til det meir svingande rytmiske. Ein god dose julestemning er her sjølvsagt også. Tekstane strekkjer seg frå bibelforteljingar til tekstar om forventningane barn har til jula i dag. Frå ønsket om ei kvit jul, den sitrande spenninga dagane før jul, til historia om eselet som bar Maria til Betlehem og ein voggesong for Jesusbarnet.

Tekstane er skrivne av Sigrid Merethe Hanssen, Jan Inge Sørbø, Oskar Stein Bjørlykke, Trygve Bjerkrheim og Gaute Øvereng, som også har laga alle melodiane.

Produsent og låtskrivar Gaute Øvereng har berre godord å seie om jentene i desiBelle. – Dei er veldig lydhøyre til alle tilbakemeldingane eg gir og tek gjerne om igjen både ein og fem gongar for å få både tekst og tonar heilt på plass. Dei viser til fulle at 8-9-åringar kan vere svært så tolmodige. Det var også lite fnising i studio sjølv om dei stort sett smilte frå øyre til øyre, legg han smilande til.

Dei ti jentene i desiBelle er Eir, Frida, Hedda, Ingrid Marie, Lina, Lovise, Nora, Ragnhild, Sigrid og Susanne. Dei har også fått med søstrene Julie (13) og Maria Kolnes (17) som solistar på nokre songar.

Songen blir stødig akkompagnert av fleire dyktige lokale musikarar: Karin Eckhoff Holsvik (piano), Per Arne Brandal (gitar), Øystein Eckhoff Holsvik (gitar), Arild Andenes (trompet), Geir Helge Ådneram (piano) og Kjetil Eiksund (synth). I tillegg spelar Gaute Øvereng diverse instrument.

CD-en Vente på jul er innspelt i studio på Høgskulen i Volda med Roy Inge Nupen som teknikar og er miksa i Audiofarm av Svein Erik Åmås. Den blir å finne i butikkar over store delar av landet og på nettbutikken mudistore.no frå midten av november.

faSong anno 2012

Jule-CD med heilt nye julesongar

Koret faSong frå Volda og Ørsta har laga jule-CD med mykje julestemning, men utan dei melodiane du kjenner frå før. – Vi veit at jula er høgtida for å høyre dei gamle songane om igjen. Ein gong må likevel vere den første, så vi tek sjansen og gir ut CD-en alle våre draumar med berre nye melodiar, seier dirigent og komponist Gaute Øvereng. 

Frå midten av september har det vore julestemning i Audiofarm studio i Åmdalen, der alle opptaka er gjort med Svein Erik Åmås bak spakene. Resultatet er blitt eit knippe songar som varierer frå det enkle til det meir sofistikerte. Her finn du innslag av både latinamerikanske rytmar, lett julepop, svingande jazzvals, groovande englekor og salmar.

Songane på alle våre draumar har samla seg opp dei siste sju åra. Fleire av dei har alt blitt ein viktig del av juletradisjonen til koret og songen «Stjerna i desember» har vore eit fast innslag på NRK Møre og Romsdal i førjulstida dei siste åra. No håpar dei at songane vil finne vegen inn i juletradisjonane i fleire heimar.

faSong er eit songkor med 17 medlemmer frå Volda og Ørsta i alderen 25 – 50 år. På denne innspelinga har dei fått med seg fleire dyktige lokale musikarar: Per Arne Brandal (gitar), Hans Christian Buschmann (trommer), Per Gunnar Flø (trompet), Øystein Eckhoff Holsvik (gitar), Knut Hunnes (bass), Hans Jacob Orning (saksofon) og Geir Helge Ådneram (piano). Songarar frå koret stiller sjølve som solistar.

Tekstane på CD-en er henta frå diktbøker, salmebøker og juleevangeliet. Dei fleste er originalskrivne på nynorsk, men her er også kjende tekstar som «Å, Betlehem, du kongeby» og «Gjer vegen vid for Herren», omsette frå engelsk og svensk. Diktaren Oskar Stein Bjørlykke har mellom anna skrive ein tekst spesielt til denne utgivinga, elles finn ein tekstbidrag frå Ottar Almås, Trygve Bjerkrheim, Arve Brunvoll, Alfred Hauge, Jan Inge Sørbø og Gaute Øvereng.

CD-en alle våre draumar blir å finne i butikkar i Volda og Ørsta og på nettbutikken aasentunet.no frå midten av november. FaSong held også lanseringskonsert i Ivar Aasen-tunet laurdag 24. november kl. 18.00.

faSong anno 2012