Nynorsk juleplate for heile familien

For 10 jenter i Volda har det vore jul nesten heile året. Dei har øvd og øvd på 13 heilt nye julesongar, og vore i studio midt på varmaste sommaren for å synge dei inn. – Å spele inn plate er det kjekkaste eg har gjort heile mitt liv, seier Eir på 8 år. No er endeleg CD-en Vente på jul klar.

Jentegruppa kallar seg for desiBelle og er to venninnegjengar med 8- og 9-åringar som er veldig glade i å synge. Dei syng i kor frå før, og synest det er veldig kjekt å opptre framfor publikum, men det er ekstra stas å vere i studio framfor kvar sin mikrofon og med høyretelefonar på. Då dei var ferdige med den siste songen, etter om lag 7-8 timar i studio, var den spontane reaksjonen – Hæ? Skal vi ikkje synge meir?

Vente på jul inneheld songar frå det rolege til det meir svingande rytmiske. Ein god dose julestemning er her sjølvsagt også. Tekstane strekkjer seg frå bibelforteljingar til tekstar om forventningane barn har til jula i dag. Frå ønsket om ei kvit jul, den sitrande spenninga dagane før jul, til historia om eselet som bar Maria til Betlehem og ein voggesong for Jesusbarnet.

Tekstane er skrivne av Sigrid Merethe Hanssen, Jan Inge Sørbø, Oskar Stein Bjørlykke, Trygve Bjerkrheim og Gaute Øvereng, som også har laga alle melodiane.

Produsent og låtskrivar Gaute Øvereng har berre godord å seie om jentene i desiBelle. – Dei er veldig lydhøyre til alle tilbakemeldingane eg gir og tek gjerne om igjen både ein og fem gongar for å få både tekst og tonar heilt på plass. Dei viser til fulle at 8-9-åringar kan vere svært så tolmodige. Det var også lite fnising i studio sjølv om dei stort sett smilte frå øyre til øyre, legg han smilande til.

Dei ti jentene i desiBelle er Eir, Frida, Hedda, Ingrid Marie, Lina, Lovise, Nora, Ragnhild, Sigrid og Susanne. Dei har også fått med søstrene Julie (13) og Maria Kolnes (17) som solistar på nokre songar.

Songen blir stødig akkompagnert av fleire dyktige lokale musikarar: Karin Eckhoff Holsvik (piano), Per Arne Brandal (gitar), Øystein Eckhoff Holsvik (gitar), Arild Andenes (trompet), Geir Helge Ådneram (piano) og Kjetil Eiksund (synth). I tillegg spelar Gaute Øvereng diverse instrument.

CD-en Vente på jul er innspelt i studio på Høgskulen i Volda med Roy Inge Nupen som teknikar og er miksa i Audiofarm av Svein Erik Åmås. Den blir å finne i butikkar over store delar av landet og på nettbutikken mudistore.no frå midten av november.